Dharma Living It

Dharma Eating It

DSC00704_resize

Veke 3 – Å møta behaget

7. April 2013

Å møta behaget

Av Ann Kristin Pracheeta

Me sit i sittestillinga vår. Stemma til Katarina får oss atter ei gong til å fokusere på kroppen vår. Mjukt, venleg og nyfiken. Lytt, sjå og føl. Kva er det som er der? Rastlausheit eller ro? Varme eller kulde? Vondt eller godt? Korleis kjennes det?

Er det ein stad me føler behag i kroppen? Kor? Rett merksemda, nærværet, pusten til den staden. Ikkje for å endre det eller gjere det annleis.

Ver med sittestillinga, pusten, ankeret og sitt i det som er.

«Gje plass til den kjensla, dei kjenslene som allereie er ei virkeligheit – gjennom å berre sjå dei» – Katarina

I lette, mjuke liggande yogaøvelser kjenner me på våre eigne grenser.

I alle øvelsane er pusten med – og inkluderer deler i kroppen der vi kjenner spenning eller strekk. Me pustar med nærvær til dei stadene der me kjenner ei spenning.

Me inkluder heile kroppen. Kjenner på responsen i kroppen – kan me strekke meir eller pusher me oss då? Me trener på å ligge presis på vår eiga grense, å vera lydhør ovanfor oss sjølve.

Blir me meir i kontakt med kroppen gjennom desse øvelsane? Føler me varme, tyngde, kjensla av nærvær? Områder som er opne, tomme, behagelige?

Kroppen kjennes mot underlaget. Det me følte for eit minutt sidan har endra seg til noko anna, til ein annan stad, kanskje det er borte.

Ofte ser me i ettertid at noko var fint, godt eller behageleg. Skituren på fjellet i forgårs, ferieturen i fjor sommar eller for tre minuttar sidan når ein låg på sofaen og høyrte på musikk. Akkurat når det skjedde så såg me det ikkje. Fordi me var ikkje i kontakt med nuet.

selhamar 09 389_resize DSC00662_resizeBilde 215_resizeannki Selhamar2

 

Det er lett å miste dei behagelege augneblinkane, fordi tankane seier noko anna. Dei kan vere opptatt med smerten, dårlig økonomi eller den uforklarlige redsla. Nett no er ein i ei krise og då er det ikkje rom for det som er behageleg.

«På ei side kjenner eg på mykje som er trist og tungt, og at eg har smerter i kroppen. Og kor lite eg eigentleg ynskjer å vere i den. Men det å få desse augneblinkane der eg kjenner at eg er her, og at det er godt og vere her. Det betyr mykje – dei augneblinkane vert veldig rike» – Ann Kristin Pracheeta

IMG_2750

Korleis var det å møta det som var behageleg? Klarte me å sjå det akkurat i det det behagelege var der eller tok det sekund, minutt, timar, dagar.

Når me møter noko behagelig i oss, så kjem det ofte ein automatisk respons innanifrå som gjer det endå meir behagelig. Ein blir glad av å bli glad.

«Skuleklassen til dotter mi skulle komme heim til oss for å sjå film, og dette vart bestemt kort tid i forvegen. Det måtte ommøblerast i stova, og ikkje minst trengtes det noko meir å sitte på og det hadde eg ikkje. Og eg som alltid vil klare meg sjølv og ikkje vere til bry for andre, kjente stor glede over den hjelpa eg fekk den dagen. Først på telefon blei eg gledelig overraska over at venner organiserte med å komme til meg med stolar eg kunne låne, slik at eg slapp å reise ut. Og gleda voks endå meir når vennene mine kom her med dei» – Monica Gangi

 DSC_9141-1

Av og til kan me også oppleve behagelege ting i situasjonar som eigentleg ikkje er behagelige eller spesielle, som når me kjører bil eller er på jobb. Der me kanskje til og med er stressa eller urolig, og det eigentleg ikkje passer inn.

«Eg har byrja å jobbe igjen no. Og eg kjenner at eg har med meg mindfulness i det. Når eg bruker kroppen min no så bruker eg den på ein ny måte. Eg kjenner eg er mykje sterkare. Det er mykje som skjer med denne kroppen som er behageleg» – Hans Dhama

DSC_9509 - Kopi

Litt etter litt – klarer me å koma nærare det behagelige? Å vera i det akkurat når det skjer.

Er me i eller litt utanfor kroppen vår?

«… og fortare og fortare oppdage at me ikkje er i kroppen vår; og lære korleis det kjennes…» – Katarina

Fyrst bli kjent med korleis det er å ikkje vere i kroppen vår, for så å erfare korleis det er å vere i oss sjølv, i huset vårt.

Ei kjensle av å vere avstengt kan ofte koma etter lengre periodar i livet der ein har vore i angst, redsel eller stress. Denne avstengte kjensla skaper avstand til kroppen og igjen ofte redsel eller stress for å vere i den.

Ein trekkjer seg fort tilbake frå kontakt med omverda, og kjensler som å ikkje vere god nok eller at det er noko feil med meg dukker gjerne opp. Å berre vita om denne kjensla kan hjelpe oss å koma inn igjen. Gjerne bryt med dette med å gjera noko anna, ta kontakt att med omverda og byrja å sjå at dette er ikkje meg.

Heimeleksa

Til neste veke skal me utforske ubehaget fortel Katarina oss. Om sjå korleis me forholde oss til det. Går vi i kamp med det, ein «fight» eller rømmer me, «flight». Får me tanker som «Dette er feil å kjenne, dette vil eg ikkje kjenne»? Kanskje me blir sint og dømmer oss sjølv? Kanskje me byrjar å trøstespise for å undertrykke det?

Katarina seier at når me ikkje vil møte motstanden skjer det også noko med kroppen vår. Me byrjar å forsvare oss og pusten og musklar samarbeider i det forsvaret. Me trekkjer oss gjerne litt saman og det blir tyngre å puste. Pusten blir meir overfladisk. Dette er ein reaksjon for å sleppe å kjenne på følelsar.

Katarina spør oss kva som skjer når me puster lite og overfladisk, og ber oss prøve det. Me kjenner alle tre ganske snart at det skaper stress eller ubehag i kroppen. Er vi klar for å møte det ubehagelige og vera tilstede i det?

«Våg å ver i kroppen og møt alt med respekt og venlegheit» – Katarina

Utanom å øve på å møte det ubehagelege så skal me fortsette med bodyscan eller ståande/liggande yoga øvelsar 6 gonger i veka. Sitte 15 minutt kvar dag, eitt mindful måltid for dagen og den kvardagslege øvelsen vår.

dharma-eating

"We love to cook with awareness and joy - and we are happy to serve you some of the best receipies from our ´Satori´ kitchen. Try it out here…or even better visit us!"

Find more recepies at:
Dharma - Eating it!

Check also out:
Dharma - Living it!

dharma-living

"This blog is written by different people connected to Dharma Mountain Meditation and Freedom Resort - to share our different experiences with meditation, self-discovery and finding our own truth."

Read more posts from:
Dharma - Living it!

Check also out:
Dharma - Eating it!

Nettside Design av Akatombo