Dharma Living It

Dharma Eating It

Hender

Veke 4 – Å møta ubehaget

12. April 2013

Av Ann Kristin Pracheeta

Kor lett har det vore denne veka? Korleis reagerte me når me møtte ubehaget i oss? I ein situasjon? I møte med eit menneske? Klarte me å stoppe opp i det i eitt – to – ti sekund? Eller blei det for utmattande? Blei det for vondt? Korleis forholdt me oss – pressa me ubehaget bort eller lata me som om me ikkje såg det?

Når me føler, fornemmer, sansar noko i oss sjølv er me, eller hjernen vår veldig kjapp til å gjenkjenne det og gi det eit namn. Den fortel oss «Dette er stress, dette er redsel, dette er uro». Med å sette eit nanm på det, så rettare ein fokuset meir mot det og ubehaget vert større.

Men kva var det me eigentleg kjente i kroppen då me sa til oss sjøv at me var stressa? Det var faktisk ikkje noko anna enn strømningar og prikkingar i magen og nedover begge beina. Kva var det eigentleg me følte då me sa at me var redd? Det var ikkje anna enn at pusten vart meir overfladisk og me kjente knytingar i bringa.

Kroppen seier jo ingenting, kroppen set ikkje ord på noko – den berre viser oss korleis det er der og då.

090104_036 IMG_0853-1_resize

Lørdagen denne veka hadde me tre ei spontan deling ein dag me var på DM. Og litt overraskande så sa den eine etter den andre at dagen før hadde vore veldig tung. Litt på forskjellige måtar. Gangi hadde vore irritert, Dhama gjekk brått heilt tom for energi og eg hadde vore nedfor.

Alle følte på at dette med å møte det som var ubehageleg ikkje alltid var like greitt eller enkelt.

«Det kostar til tider mykje å føla på det eg har rømt frå» – Ann Kristin Pracheeta

Katarina spør oss kor engasjert me er no til å følgje resten programmet? Når vi er komne til fjerde veke og fire gjenstår. Heilt ærleg.

Dhama seier at det har vore mykje tungt denne veka. Det har ikkje alltid gått så enkelt å gjere øvelsane. Litt på grunn av at han er byrja i jobb att og er i vekke heimefrå 3-4 dagar i veka. Body- scanningane må han ha gjort sittande for å ikkje sovne. Somme gonger har han ikkje orka eller gidda å gjort øvingane. Katarina spør om når han valgte å ikkje gjere øvelsen, var det då greitt for han? Utan at han fekk ei kjensle av at han burde egentlig gjort det.

«Eg slo meg stort sett til ro med valget eg tok, og eg klarte å fange meg sjølv viss eg byrja å dømme meg for det» – Hans Dhama

No i dag har energien snudd og han føler seg veldig klar for å fortsette.

Gangi har hatt fullt opp med ungar denne veka sidan det har vore vinterferie. Og det har vore ein del stress. Det har vore vanskeleg å fått tid og sted for å gjere dei forskjellige øvelsane. Men ho føler seg klar for å fortsette.

Katarina sier når det «koker» i hovudet, og me har mykje mentalt stress så kan det hjelpe med å stryke seg sjølv i andletet og bak over håret. Over armar, bringa, magen, låra, beina og heilt ned til føtene. Dette er med på å roe ned nervesystemet seier ho. Og det mentale stresset.

Eg, Ann Kristin Pracheeta har denne veka opplevd å møte mykje tungt. Eg kjenner at eg har klart innimellom og forholda meg annleis til det eg har følt i kroppen. Utan å gje det noko namn. Eg har vore uvel, kjent på nummenheit, prikkingar og knytingar. Berre vore med kroppen som den var.

Me treng ikkje forstå det kroppen viser oss; berre sjå det, kjenne på det.

Denne timen gjorde me tre øvelsar som alle gjekk på å møte det som er ubehageleg.

Først sat me i sittestillingen og rette merksemda vår mot ubehaget, for å trene på å sjå det. Å møta det ut i frå sittestillingen og pusten. Korleis kjennes det? Kor i kroppen føler me det? Varmt? Kaldt? Stengt? Numment? Berre observera det og beskrive det. Og i ubehaget, kjenn kroppen din – fjellet ditt, huset ditt. Ver i kontakt med kroppen sjølv om du kjenner på ubehag.

IMG_2556

Etterpå ba ho oss om å utforske nummenheita. Nummenheit i kroppen kjem ofte etter langvarig stress, sjokk eller traumer. Kroppen stenger av. Dei områdene byrjar me ofte å unngå for det kan vere ubehageleg å kjenne på at me ikkje føler noko. Det kan oppfattast som om me er utan følelsar, avkorta, avstumpa. Er me like nummen over alt i kroppen? Kor byrjar den? Kor sluttar den? Er det fysisk eller emosjonell smerte eller ingen av delane? Er det like kaldt over alt? Varmt? Er de nokon bevegelsar nokon stader?

Så ba ho oss å sitte eller ligge, og ta kontakt med kroppen og pusten vår på ny, og la det vera basen for tryggleiken. Me skulle gå gjennom ein hendelse som hadde vore ubehageleg eller stressande under veka som var gått.Så detaljert som råd.

Og prøve å gje slepp på etiketten me hadde eller ville sette på kjenslene. Berre utforskande og nyfiken møte det som var ubehageleg. Venleg sjå det.

Om det blei for sterkt eller vanskeleg, så berre vende tilbake til kroppen og pusten for å finne forankring der. Og i kontakten med underlaget. Me avslutta med å sjå om det var fornemmelsar som kjentes nøytrale, ingenting spesielt eller kanskje til og med behagelige.

«Etter meir tillit me har til å våga og vera i kroppen, og bli der så kan me holda både det som er ubehageleg, nøytralt eller behageleg» – Katarina.

Har me ha tillit til dette nye som me møter i oss sjølve?

Dette var tunge øvelsar å gjera så når Katarina foreslo at me kunne riste laus litt med ein dans så var me veldig enig i det.

Mindful dansing kom som ein ekstra øvelse!

 

IMG_2629IMG_2621 resized IMG_2628 resize

Heimeleksa

Me skal fortsette med bodyscan eller lette yoga øvelsar 6 gonger i veka og sitte i stillheit 20 minutt for dagen. Eit mindfull måltid per dag og gjere den kvardagslige tingen ein gong for dagen.

Me skal vere merksam på stressreaksjonar og oppførsel utan å prøve å endre dei. Me skal vera merksam på følelsen av å stå fast, vere blokkert, nummenheit og når me stenger ute augneblinken.

dharma-eating

"We love to cook with awareness and joy - and we are happy to serve you some of the best receipies from our ´Satori´ kitchen. Try it out here…or even better visit us!"

Find more recepies at:
Dharma - Eating it!

Check also out:
Dharma - Living it!

dharma-living

"This blog is written by different people connected to Dharma Mountain Meditation and Freedom Resort - to share our different experiences with meditation, self-discovery and finding our own truth."

Read more posts from:
Dharma - Living it!

Check also out:
Dharma - Eating it!

Nettside Design av Akatombo