Dharma Living It

Dharma Eating It

IMG_2220 Plansje tanker2_resize

Veke 2 – Å vera tilstade eller ikkje tilstade – det er spørsmålet

29. March 2013

Kor er eg?

Av Ann Kristin Pracheeta

Kanskje oppdaga me at med å øve oss på å bli meir tilstede, så såg me heller kor lite me var det i liva våre? Kanskje prøvde me å endre på noko me ikkje likte, eller kanskje lot me det vera som det var? Kanskje hadde me augneblink innimellom, der noko var annleis og me kjente på akkurat det som var der?

«Frå fyrste dag merka eg at dette var noko spesielt. Det handler jo mykje om pusten og å være tilstade med det eg driver med. Eg merkar også kor lite tilstade eg kan vera, eg gjer ein ting og tenker på ein annan» – Hans Dhama

Det har vore ei veka med mange augeblikk som kom og gjekk, dei me såg og dei me ikkje ville sjå, og dei som kom som gåver.

For at me skal lande litt til denne timen så ber Katarina oss om å kjenna på sittestillinga vår, ta kontakt med beina våre og kjenne at me sit på stolen. Ho ber oss bevege overkroppen sakte, sakte frå side til side. Ikkje berre skuldrane, men kjenne at bevegelsen kjem heilt i frå nedre del av ryggen. Så ber ho oss om å gjere same bevegelsen fram og tilbake. Heile tida berre registrera endringar og fornemmelsar i kroppen, fysisk eller emosjonelt.

«Kan du kjenne fjellet i deg?» spør Katarina medan me sitt. Fjellet som er både stødig, mjukt og kraftfullt. Fjellet som vi har med oss heile tida, inni oss.

IMG_5451-1_resize

«Korleis har dykk det etter denne første veka?»

Katarina spør.

Monica Gangi nemner på at ho er svært trøytt. Katarina ber ho om å kjenne på kor i kroppe ho er trøytt. Og deretter å legge hendene på den staden. Med å rette fokus på denne måten mot den delen av hennar kropp som opplever trøyttleiken så gjer ein støtte gjennom berøringa og varmen frå hendene. Katarina snakker også om at det er to måtar å vere trøytt på. Den eine at ein er trøytt fysisk. Den andre at ein er meir mentalt trøytt, noko som kan gje ei kjensle av og vera i ei boble. Monica Gangi kjenner at med å gje merksemd til kroppen på denne måten så forsvinn litt av den trøyttleiken.

Ellers i løpet av veka som har gått har ho kjent at kvardagen hennar er noko kaotisk og travel utan at det eigentleg er nokon grunn til det.

“Det er litt vanskelig å vere Mindful når eg et, og iallfall å vere i stillheit når eg har familien rundt meg. Eg opplever også at eg har det så fryktelig travelt, at eg må skunde meg å ete sjølv om eg ikkje nødvendigvis har dårlig tid” – Monica Gangi

DSC_9207-1_resize DSC_9208-1_resize DSC_9209-1_resize

Det som er viktig er å sjå at det er ein tanke eller idè som ligg bak, seier Katarina. Ver nysgjerrig på tanken, sjå at det er mogleg å velja annleis. Ikkje bruk tid på kva tankar ein forsvann i, berre kom tilbake og sjå at det er som det er.

Det har vore generelt motstand i gruppa mot og gjere dei forskjellige øvelsane. Når tanken om og gjere ein bodyscan eller ete eit måltid i stillheit kom, så kom tankane fort med unnskyldningar eller distraksjonar.

“No er eg for trøtt til å øve meg på tilstedeværelse”, “No vil eg heller lesa denne boka”, “No passer det betre med en film”, «Eg må nett sjekke Facebook først», “Nei no vart det visst leggetid”.

Mange andre ting vart brått veldig viktige, fordi uro, smerter, stress eller liknande gjorde det vanskeleg og vere i nuet og i kroppen, og for å unngå å kjenne på det så var det lettare å forsvinne inn i noko anna. Masse motstand var ein av fylgjesvenene denne første veka.

«Eg ville berre gjera alt anna enn det eg skulle gjera. Det var berre nei, nei, nei. Som ein trassig liten unge» – Ann Kristin Pracheeta

Å sjå den motstanden er også å vere tilstede.

Å vere ein observatør utan å dømme uansett kva ein møter.

Sjølv om me gjerne ikkje fekk gjort alle øvelsane så ofte som me skulle så er mindfulness likevel blitt ein del av kvardagen til oss alle tre. Den har fått sin plass.

Mindfulness er eit ord som dukkar opp i tankane når me er heilt andre stader enn her og no – når me strevar etter å vera noko, endra noko, fikse noko. Det er som om ordet mindfulness nullstiller noko i oss og me blir dratt inn augneblikket der noko spør «Kor er eg akkurat no?».

 

IMG_0853-1_resize

«Eg var på veg til butikken, og i tankane mine var eg allerede der sjølv om eg enno ikkje hadde reist heimefrå ein gong. I det eg hadde låst ytterdøra og gått ned trappa så ser eg mot bilen. Og akkurat då traff eit snøfnugg meg på auga. Då var eg der eg var.» – Ann Kristin Pracheeta

 

 

Heimeleksa

I løpet av den neste veke er ei av oppgåvene og leggja merke til behagelege opplevelsar. Er me medviten om dei behagelege kjenslene i det dei kjem? Korleis kjennes det i kroppen? Kva kjensler vekkjer det? Me får eit skjema der me skal notere desse.

Vi skal også 6 gonger i løpet av dagen kjenne etter sittestillinga vår; ikkje endra den men observera den.

Me skal fortsette med bodyscan 6 gonger i veka, eit mindfull måltid og gjere den kvardagslige tingen vi har valgt ut ein gong for dagen.

 

130223_NO_Sujan_119_resize 130223_NO_Sujan_122_resize
Reisa i oss sjølv går vidare. Og djupare.

 

dharma-eating

"We love to cook with awareness and joy - and we are happy to serve you some of the best receipies from our ´Satori´ kitchen. Try it out here…or even better visit us!"

Find more recepies at:
Dharma - Eating it!

Check also out:
Dharma - Living it!

dharma-living

"This blog is written by different people connected to Dharma Mountain Meditation and Freedom Resort - to share our different experiences with meditation, self-discovery and finding our own truth."

Read more posts from:
Dharma - Living it!

Check also out:
Dharma - Eating it!

Nettside Design av Akatombo