Av Ann Kristin Pracheeta
Eg har kjent noko enormt på motstand mot alle ting som kunne hjelpa meg til å vera i nuet. Inni meg kom eg i kontakt ein energi som kjennes todelt. På ei side er den kraftfull og kreativ, på den andre sida er det mykje rastlausheit.
Ein del av meg gjer alt for å dra meg vekk i frå å gjere bodyscan, mindful-tannpussen, mindfull-måtidet. Men det som var fint var å berre tillate og observera denne motstanden, rastlausheita som den var.
“Greit eg ser deg at du er der, og nett no klarer eg ikkje å gjere noko med det”.
Eg kjente på tankar om at eg burde ha gjort meir. Men noko sa meg berre la det vere som det er. Ikkje prøv å gjera deg til noko anna eller noko meir enn akkurat det du er.
Når eg kjente på denne rastlausheita i dag, så var det noko som sa “Gå og ta deg eit bad!”.
Så det gjorde eg. Eg tappa i, og med karet halvfullt la eg meg oppi. Og med ei gong skjedde det noko. Eg kunne kjenna at vatnet kom høgare og høgare mot øyrene og ansiktet, eg låg fullt og heilt til stede – i ein augneblink som varte i eit kvarter.
“Samtale i badekaret”
Eg låg i badekaret
medan det
varme vatnet
fossa
utav tappekrana,
og til slutt
nådde vatnet
over øyro
mine.
Då brått
høyrte eg
at vatnet snakka
til meg.
Eg kunne ikkje
språket,
men eg
forstod.
Likevel
kan eg
ikkje gjenta
eit einaste ord.
"We love to cook with awareness and joy - and we are happy to serve you some of the best receipies from our ´Satori´ kitchen. Try it out here…or even better visit us!"
Find more recepies at:
Dharma Cuisine!
Check also out:
Dharma - Living it!
"This blog is written by different people connected to Dharma Mountain Meditation and Freedom Resort - to share our different experiences with meditation, self-discovery and finding our own truth."
Read more posts from: