Dharma Living It

Dharma Eating It

110514_Norway_514

Veke 7 – Ein ny morgon – ein ny dag – ein ny moglegheit til å fanga augneblinken

3. May 2013

 

Me byrjar igjen, me landar igjen, me sit igjen.

Ser me med same, gamle augo eller er me nyfiken på oss sjølv?
Me let tankane, uroen, aktiviteten som er i oss få vera der og få gå. Og me gjer framleis ingenting. Det som er, er.
Behageleg? Ubehageleg? Stille eller mykje aktivitet i hovudet? Frå pusten og fjellet inkluderer me alt.

Katarina spør oss korleis har det vore denne veka. Er det noko som er nytt? Har vi gått tilbake til gamle mønster? Har me møtt stress? Har me hatt ubehagelege møter?

Monica Gangi seier at ho føler at ho ikkje har vore tilstade i nokon ting den siste veka. Sonen har vore sjuk så all tid har gått med til han.

Når Katarina spør henne så ser ho etterkvart at skilnaden er stor frå korleis det har vore tidligare i liknaden situasjonar. For ho har faktisk vore klar over at ho ikkje har vore tilstade og ho har kjent at ho har kunna sleppt det heilt; at det er heilt greitt. Før ville ho ha dømt seg sjølv som kor dårlig ho er og sett på alt ho ikkje fekk gjort.

«No har eg berre tenkt at sånn er det no. Eg ser også at et er stor skilnad i korleis eg har forholdt meg til sonen min. Eg har vore mykje roligare på grunn av at dei tinga som har stressa meg tidligare ikkje har stressa meg på same måte. Eg har ikkje blitt lei og irritert over det» –  Monica Gangi

IMG_2581-1

 

Ofte når me tenker at me ikkje er tilstade så er me meir tilstade enn me har tenkt.

«Viss eg trur at noko er som det pleier å vere, så stopper eg opp i den idèen. Eller kva? Det skaper ei kjensle av at eg har ikkje vore tilstade» – Katarina.

Hans Dhama seier også at han har trudd at har ikkje har vore særleg tilstade i kvardagen sin. Men no ser han brått at han er meir tilstade når han hentar ved, når han fyrer i omnen, når han et, når han går tur. Desse daglegdagse tinga.

“Eg er nok mykje meir tilstade i denne kroppen enn eg har tenkt. Det kjennes godt ut, eg får ein klarheit i meg når eg oppdagar at eg er meir tilstade i kroppen” – Hans Dhama

DSC_9669_resize

 

Kor vel me å sette oss når me kjem inn i på eit venterom, ein kafè, eit møtelokale?
Tenkjer me over at det er visse områder av det me ikkje blir tiltrekt av og andre blir me veldig tiltrekt av, og at vi gjerne ut i frå det vel kor me set oss.

Så kvifor har eg satt meg der eg sit no? Er det gamal vane, kanskje det kjennes trygt, eller det var praktisk. Er det favorittplassen? Eller ein tilfeldigheit?
Me set oss ofte på same plass, same side – etter gamle vanar. Visse plasser kan vekke noko i oss, då gjerne på eit ubevisst plan.

«Å kjenne seg heime så mykje eg kan uansett kor eg sit» – Katarina

Katarina ber oss gå til ein stad i det rommet me er i no, der me ikkje vil vere.
Kanskje det kjennes kaldt, me mister energi, mister kontakten med kroppen og opplevinga av ein heil kropp. Eller kanskje me blir yngre, som då me var små? Er det noko me blir bevisst? Nye tankar?

«Det vart ubehageleg når eg gjekk der som ikkje kjentes godt. Eg vart liten igjen, som å stå i skammekroken. Skuldra eg pleier å få vondt i byrja også å bli vond» –Monica Gangi

«Når eg kom til den ubehagelege plassen så oppdaga eg at det var faktisk ikkje så ubehageleg som eg trudde» – Hans Dhama

«Der eg sat fekk eg ei kjensla av å vera ekskludert. Det var ein plass der eg ville ha sete med ryggen til mange og hatt lita oversikt over kva som skjer i rommet elles. Det var ubehageleg» – Ann Kristin Pracheeta

Og så skal me sjå oss rundt etter ein plass me syns betre om, seier Katarina, ein stad som kjennes mest bekvem.
Kva er det som gjer at denne plassen er betre? Korleis kjennes det? Skjer det noko i kroppen? Kva er det med denne plassen me tykkjer om?

«Eg stilte meg midt i rommet og eg kjente det vart betre i kroppen. Eg justerte litt korleis eg stod slik at eg fekk sjå ut glaset og så var det opent på andre sida av meg. Det endra seg i kroppen; eg blei vaksne igjen inni meg og eg kjente eg stod meir stødig på beina» – Monica Gangi

«På den behagelege staden så var det mykje meir lunt og varmt; eg kunne kjenna at den spenninga som eg hadde hatt på den andre staden slapp taket i meg. Her hadde eg betre oversikt over rommet samtidig som eg også fin utsikt ut mot skogen. Her kunne eg sete lenge» – Ann Kristin Pracheeta

«Det vart varmare i kroppen. Frå her hadde eg betre oversikt og eg kunne lettare sjå om det kom andre inn i rommet. Eg kunne også sjå ut på trea, vatnet, fjella – det er noko eg liker godt å sjå på». – Hans Dhama

Dette viser oss kor fort kjensler, fornemmelsar skiftar i kroppen. Og å verta klar over at det ikkje er oss. Når me kjem til eit ukjent lokale, stig på bussen, går inn i ein butikk.

Katarina ber oss ta kontakt med ein del av kroppen vår me ikkje syns noko om, ein del me har skjelt mykje på, oversett eller gløymt – me vender merksemda vår mot ein slik stad i kroppen vår.
Og me møter den med nærvær, venligheit, medkjensla, openheit.

Med pusten.

Med kjærleik.

Ingen ting skal endrast, bli betre, bli meir eller mindre. La det vere rom for alt.

Og me gjev oss sjølv tid.

«Dette gjorde veldig godt. Eg fekk mange gode tankar og det var som om det blei meir plass inn i meg» – Hans Dhama

Eg sjølv kom i kontakt med gråt, noko som eg fyrst haldt igjen. Fordi eg er redd for å bli dømt på ein eller anna måte på grunn av det. Det fekk meg til å tenke på ein dikt eg skreiv for over ti år sidan.

IMG_2537

Ei tåre

Kan ikkje

Vil ikkje

Skal ikkje

Gråta,

For då kan

Dei sjå det.

Må ikkje

Bør ikkje

Tør ikkje

Gråta

For det set

Spor,

Og då kan

Dei sjå det.

Ingen kan

Sjå det.

Ingen får

Sjå det,

For når eg gret

Er eg naken.

Heimeleksa

Eigen trening gjerne utan å bruke cd-ane. Trena i kvardagen; ved stress, behagelege, ubehagelege eller stressa møter. Gå når me går, et når me et, pust når me pustar og sit når me sit.

 

 

dharma-eating

"We love to cook with awareness and joy - and we are happy to serve you some of the best receipies from our ´Satori´ kitchen. Try it out here…or even better visit us!"

Find more recepies at:
Dharma - Eating it!

Check also out:
Dharma - Living it!

dharma-living

"This blog is written by different people connected to Dharma Mountain Meditation and Freedom Resort - to share our different experiences with meditation, self-discovery and finding our own truth."

Read more posts from:
Dharma - Living it!

Check also out:
Dharma - Eating it!

Nettside Design av Akatombo