Dharma Living It

Dharma Eating It

photo-water-drop3

Veke 5 – Indre og ytre stress

19. April 2013

Av Ann Kristin Pracheeta

 

Igjen møtast me alle tre på Dharma Mountain og Katarina er like fullt tilstade.

Saman med oss.

Det er som om me er i lag alle saman, sjølv om ho er i Sverige og me i Noreg.

Når ho snakkar til oss sansar me tilstedeværelsen hennar og stemma hennar får oss igjen til å lande.

Landa i oss sjølv. I vårt hus. Kjenne fjellet i oss.

Det er som om ho veit akkurat kva me treng å høyre. Kva kroppen vår treng for at me skal klare å vera i den. Når stress, smerter eller rastlausheit vil ta oss ut.

Katarina ber oss ta kontakt med sittestillinga vår, fjellet vårt, og venleg notera kva som er i oss akkurat der og då.

091009_nepal_edit_001

«Høyr på lyd som lyd. Inni rommet. Utafor rommet. Inni kroppen. Ikkje set namn på det, og lytt med heile kroppen» – Katarina

Av og til er kjenslene, fornemmelsane, tankane som skyer; dei berre passerer. Andre gonger stupar me inn i dei og blir med i dragsuget, og blir dratt med framover, bakover. Som ein karusell som berre går fortare og fortare, utan at me kjem nokon stad.

Kanskje klarer me å sjå dette raskare og raskare; og koma lettare tilbake til sittestillinga vår. Til oss sjølv.

«Observer dei forskjellige tankane; uro-tankar, planleggings-tankar, framtids-tankar. La dei passere forbi, orda, bokstavane. Me er ikkje i hovudet når me observerar, men i heile kroppen – i sittestillinga» – Katarina

Det var annleis å observera tankane, det var meir motstand og tyngre å vera til stade i kroppen enn når me berre observerte lydar. Det ligg ei redsle for at tankane skal ta over, og spesielt viss det er ein tung eller vanskeleg tanke som kjem. Når me trur at me er tankane våre.

«Eg var ein gong der då tankane styrte meir eller mindre alt; eg drukna i tankane. Det var ingen god stad å vera» – Hans Dhama

Og når me er redd, når me ikkje vil vere i det som er ubehageleg så har me lett for å ville rømme, prøve å unngå det.

Med ei enkel øving illustrerer Katarina korleis kroppen vår reagerer på «flight»,når me vil unngå noko. Med å vende andletet til eine sida, som om det er noko me ikkje vil sjå; og late som om me pressar det bort med hendene våre så gav det oss alle tre sterke kroppselege reaksjonar som frysningar og sterkt ubehag inni kroppen.

For å løyse opp i kroppen etter dette gjorde me lette, mjuke strekkøvelsar

Strekkøvelser 1            strekkøvelser 2

Korleis påverkar stress oss? Korleis møter me det? Blir me mersame på det i same augneblink som det oppstår? Kva situasjonar skaper stress?

Me blir stressa når me blir stressa.

«Dagen i dag byrja med at eg forsov meg. Eg våkna på det tidspunktet eg skulle vera her på Dharma Mountain for dette møtet. Stresset skaut fart. Eg skulle ha dataen med, eg hadde koden til nettet og Skype, og eg visste at Katarina skulle vidare etter møtet og hadde begrensa med tid. Men ganske kjapt tenkte eg – Mindfulness. Mindfulness. Og tenkte at eg kunne kalle det for Mindful – forsoving og bruke det som ein øvelse. Blei eg stressa? Ja, men på ein anna måte enn før. Eg fekk vondt i magen med tanke på at eg hadde nokon som venta på meg, men slik var det nett då. Eg kunne ikkje gjere noko annleis. Enn å nytta høvet til å benytta det eg hadde lært, og det passa jo fint til vekas oppgåver. Før hadde dette vore 10 på stress-skalaen, no vart det rundt 5-6» – Ann Kristin Pracheeta

Katarina ber oss om å aktivere stresset i kroppen med å gå gjennom ein opplevelse som skapte stress i oss gjennom veka som var.

Kven var der, kva blei sagt, kva blei gjort, korleis var stemmeleiet, augekontakten. Når me har fått kontakt med det så skulle me sleppe hendelsen og kjenne på stresset – reaksjonane. Så observera korleis det oppfører seg i kroppen, korleis det ser ut inni oss.

Med åpenheit og tillit til kroppen.

Heile tida i kontakt med sittestillinga og pusten.

Ikkje handtera noko, forstå eller analysera.

Berre la reaksjonane vere der og ha tillit til at kroppen kan ta hand om den.

Kor er me i kroppen? Opplever me å vere ein heil kropp? Er me berre i hovudet? Eller på den plassen der me framleis kjenner ein respons?

IMG_2537

«Sjå om du kan kvila i opplevinga av at du er ein heil kropp. Heile baksida, framsida, innsida. Heile du sit» – Katarina

Er det stressreaksjon att i kroppen?

Fins det ein stad som er nøytral?

Ein stad som er behageleg?

«Når eg hadde tillit til at kroppen ordna opp i stresset så var det noko som slapp taket. Det blei heilt borte, og eg har ei behageleg kjensle i kroppen» – Dhama

«Det er uvant å ha den følelsen eg har i kroppen no. Kroppen min er heilt roleg no. Eg var heilt inni den stressa situasjonen, og så blei det berre borte. Det er sjeldan kost å ha ei sånn kjensla i kroppen. Eg er mykje i stresset i kroppen til vanleg, og det kjennes så framand ut når kroppen har gitt slepp no. Uvant og rart men veldig godt» – Gangi

 

Heimeleksa

Me skal fortsette med bodyscan eller lette yoga øvelsar 6 gonger i veka og sitte i stillheit 20 minutt for dagen. Eit mindfull måltid per dag og gjere den kvardagslige tingen ein gong for dagen.

Me skal vera merksam på kjensla av å stå fast, vere blokkert, nummen og når me stenger ute augneblinken. Og me skal forsetta å vere merksam på stressreaksjonar og oppførsel denne veka. Og fokusere på vanskelege eller stressande samtaler/møter.

Ei ny veke med nye augneblink.

 

dharma-eating

"We love to cook with awareness and joy - and we are happy to serve you some of the best receipies from our ´Satori´ kitchen. Try it out here…or even better visit us!"

Find more recepies at:
Dharma - Eating it!

Check also out:
Dharma - Living it!

dharma-living

"This blog is written by different people connected to Dharma Mountain Meditation and Freedom Resort - to share our different experiences with meditation, self-discovery and finding our own truth."

Read more posts from:
Dharma - Living it!

Check also out:
Dharma - Eating it!

Nettside Design av Akatombo