Dharma Living It

Dharma Eating It

090104_036

Veke 6 – Kor går reisa?

26. April 2013

 

Kor er me på veg?

Av Ann Kristin Pracheeta

Me byrjar timen med å ta kontakt med sittestillinga vår. Katarina leier oss tilbake til kroppen vår – igjen og igjen. Til fjellet vårt, huset vårt. Det er det same, men samtidig nytt kvar gong.

 

IMG_2537

 

Så skal me sjå for oss eit vanskeleg møte eller samtale me har hatt med ein person i veka som var – korleis var augekontakten, stemma, kroppspråket, kjensla mllom oss, eller det me ikkje kjente. “Gjer det i kroppen, ikkje berre frå hovudet”, seier Katarina. “Legg gjerne ei hand under navlen eller over hjarta for å støtte kroppen.”

 

IMG_2556

 

Kanskje klarer me å vera i oss sjølv, i heile kroppen vår når me er i møter som er vanskelege. Korleis var den stressa situasjonen? Kva kjente me fysisk i kroppen når me opplevde den vanskelege samtalen? Kor? Kva kjensler vekka det? Kva er me blitt meir bevisst på?

Me pustar gjennom hendelsen. Heile kroppen er med. Me pustar så me høyrer det sjølv.
Me opnar oss for alle fornemmelsar som kjem samtidig som me sit i fjellet og pustar igjennom det.

“Korleis var det? Er de nokon som sit igjen med noko i kroppen?” spør Katarina.

Gangi seier at det sit i kroppen endå. Det som tynger.
«Eg lot alle kjenslene eg hadde i dette møtet med ein person koma fram. Eg berre åpna opp. Det blei vondt også no; det var som om eg vart mindre og eg nesten forsvann. Eg blei redd, og ville berre bli borte og gøyme meg. Det som vart igjen til slutt var ei smerte i venstre skulder. Samtidig som eg gjekk inn i det så klarte eg å ta eit steg tilbake og observere det. Og eg lot det vere som det var».

 

Gangi

 

Medan ho snakker om det så kjenner ho at ting slepper i kroppen, og Katarina ber henne om ha med seg vidare no ein ytterst venleik mot denne redsla ho har opplevd.

Kva er det som eigentleg som skjer i oss i denne Mindfulness prosessen?

Tidlegare i dette Minfulness- programmet så hadde øvingar som gjekk på å bli meir bevisst på det behagelege i oss, dei gode opplevingane, det som gjorde godt. Me vi gjerne tilbake dit. Det var eigentleg godt, enkelt og fint å vere der.
Kva er nå vitsen med å dukke ned i dette vanskelege, tunge, negative? Og i tillegg i detalj gå gjennom vanskelege kjensler i oss?

I og med at dette gjekk igjen i gruppa så spurte me i dag om det er vanleg å ha så mykje motstand i ein slik prosess. Ja, det er heilt vanleg, seier Katarina. Etter fjerde, femte veka så pleier det å auke endå meir. Me blir igjen påminna – har me motstand så er det det som er akkurat då.

«Hugs å sjå motstanden med venlege augo. Ha respekt for den» – Katarina.

Me ler letta av og høyre det, og me kjenner me kan trekkje pusten djupare.

På denne reisa skal me ikkje skal nokon stad. Anna enn å øve oss på å vera i oss sjølv der me er. Ikkje der me trur, tenkjer, føler at me burde vore.
Og det kan vera vanskeleg og sårbart. For då viser me oss sjølv som me er. Verken meir eller mindre.
Når me står, går, er i oss sjølv, i det som er ei sanning for oss –  så kjenner me også at me veks.

 

I møte med andre menneske.

Kva tankar, kjensler, holdningar møter me andre mennesker med?
Kanskje har me tanker og idèar me til stadigheit tar med oss inn i møtet med mange eller visse personar. Og desse personane vil også møta oss ut i frå det. «Ho er alltid slik, han er alltid sånn». Det er der me møter dei og det er slik dei vil vise seg for oss. Det går troll i ord.

«Ofte er vi ikkje klar over at vår eigen reaksjon kan påverka den andre for vi er så opptatt med oss sjølv» -Katarina

Viss me for eksempel er sint, korleis kjennes det om den me er sint på rømmer unna, kjefter tilbake, overser oss eller møter oss med forståelse? Og korleis reagerer me om nokon er sint på oss? Korleis kjennes det å kommunisere med ein person som angriper?
Har me eit mønster me pleier å fylgja når slike situasjonar oppstår? Kor bevisst er vi våre eigne reaksjonar?

Kva skjer inni oss når me møter ein person me er trygg med og stoler på? Kva skjer når me møter ein person me oppfatter som utrygg, ein me misliker?

«Me er oftast mest redd for det som skjer inni oss sjølv, og treng å forstå at det er vårt eige ansvar å ta hand om det som skjer i oss. Naturlegvis er det lett å kjenne at det er den andre det avhenger av når vårt nærvær, vår indre aldre eller kjensler skiftar i forhold til kven me møter. Jo meir me kan legge merke til kva som skjer inni oss og stå i det kan desse gamle mønstera løyse seg opp steg etter steg. Antakeleg kjem vi til å oppdage at mange av dei som triggar oss vekker ein del av os sjølv som vi endå ikkje har kunna omfamna eller som representerar noko frå ein person me tidligare har møtt og som kanskje ikkje var tillitsvekkende for oss.” – Katarina

Denne gongen hadde me øvelsar der me kjente på våre eigen reaksjonar i møte med eit anna menneske på forskjellige måtar.

 

IMG_2589IMG_2590IMG_2591

Og til slutt – ville me ta ein bodyscan eller ein dans?
Valet var lett – Mindful dansing – igjen!

 

 

dharma-eating

"We love to cook with awareness and joy - and we are happy to serve you some of the best receipies from our ´Satori´ kitchen. Try it out here…or even better visit us!"

Find more recepies at:
Dharma - Eating it!

Check also out:
Dharma - Living it!

dharma-living

"This blog is written by different people connected to Dharma Mountain Meditation and Freedom Resort - to share our different experiences with meditation, self-discovery and finding our own truth."

Read more posts from:
Dharma - Living it!

Check also out:
Dharma - Eating it!

Nettside Design av Akatombo