Dharma Living It

Dharma Eating It

197832_137397726331709_2976268_n

Veke 1 – Mindfulness og 8 vekers programmet

22. March 2013

Første møtet

Av Ann Kristin Pracheeta

Monica Gangi, Hans Dhama og meg, Ann Kristin Pracheeta møtast alle tre på Dharma Mountain. Me skal ha fyrste videosamtale med Katarina på Skype i frå Sverige. Me er spent alle sammen på å gå i gang med denne prosessen, og det me tre veit på forhånd er at me skal vere med på 8-vekers programmet i Mindfulness og ha møter med Katarina ei gong i veka der ho følgjer oss opp gjennom denne prosessen.

DSC_9017-1_resizeDSC_9027-1_resizeDSC_9024-1_resizeDSC_9025-1_resize

Katarina byrjar denne timen med å guide oss gjennom ei øving som har til hensikt at me skal få meir kontakt med kroppen vår.

Medan me sit så ber ho oss puste djupt og godt, og verkeleg kjenne at me pustar heilt ned i magen. Kroppen er ankeret vårt, seier ho, den og pusten vår. Dei kan me alltid komme tilbake til.

Ho tar oss med på ei reise gjennom kroppen, der ho ber oss rette merksemda vår mot forskjellige delar av den. Dette vert i Mindfulness kalla for «bodyscan», altså ei skanning av kroppen der me går gjennom kroppen bit for bit. Frå vetletåa til foten til heile beinet til begge beina, til rygg, mage, hovud og til slutt heile kroppen.

Undervegs stiller Katarina spørsmål som er til ettertanke; kva gjer det med deg å vere meir fysisk tilstede i kroppen din? Korleis er det å berre forholda seg til det som er der? Kva observerer, føler, sansar du? Vondt eller godt? Ubehag eller behag? Kaldt, varmt, nøytralt, ingenting, prikkingar, strømningar? Ingen ting skal dømmast, forklarast, endrast på, berre venleg sjåast og observerast.

Å berre akseptere det som er der kan ha sine utfordringa, enten det er kjensler eller fysiske fornemmelsar. Det er lett å ha ein idé på å ville fikse og ordne noko, spesielt viss det er noko som er vondt eller vanskeleg. Eller prøve å unngå det. Katarina minna heile tida på og berre la ting vere som dei er og berre observere.

DSC_8936-1_resize

Etter dette ber Katarina oss å sei noko om kva vi følte. Etter ei kort deling frå alle tre så var rastlausheit noko som gjekk igjen i gruppa, og då ba ho oss om å reise oss for og gjere nokre strekkøvelsar.

Gjennom desse enkle strekkøvelsane, som å bøye overkroppen framover og strekke armane mot golvet, så blei me kjent med våre eigne grenser.

Katarina stiller heile tida spørsmål; korleis reagerer me når noko gjer vondt eller blir ubehageleg? Presser me på litt til for å vere flink i det me gjer, til tross for ubehaget? Eller gjev me opp og trekkjer oss tilbake ved minste motstand med ynskje om å ikkje ville forholda oss til det? Eller finn me vår grense?

Denne enkle øvelsen kan vise korleis me er som person, om me er ein person som går ut over våre eigne grenser, eller gjev opp når me møter motstand; i jobben, på trening og livet ellers. Eller gjerne me kjenner våre eigne grenser.

Katarina snakkar mykje om å vera venleg med oss sjølv og ikkje dømma. Det å ikkje dømma er ei av dei sju grunnhaldningane i Mindfulness og desse er viktig å ha med oss i denne Mindfulness-treninga seier Katarina. Dei andre er tålmod, tillit, «new beginners mind», ikkje-strebande, aksept og å kunne gje slepp. I tillegg til og vere nyfiken, venleg, åpen og audmjuk.

 

Heimeleksa

I første timen får me heime oppgåver vi skal gjere i den første veka av Mindfulness programmet. Det er blant anna og gjere bodyscan 6 gonger i veka. Det var det me fekk ein smakebit av i byrjinga av denne timen. Då kan me enten ligge på ryggen eller sitte og slappe av, gjerne med augo att. Denne guida reisa gjennom kroppen varer ein halvtime og er på ein av cd-ane som høyrer til dette 8-vekers programmet. Me skal også gjennom dagen observere og legge merke til pusten, tankar og kjensler, i møte med forskjellige mennesker, situasjonar. Me skal ha eit mindfull-måltid gjennom dagen der me skal fokusere på og vere meir bevisst og tilstede når me et, og helst vere i stillheit. Ikkje snakka, legge bort mobiltelefon og pc-en, slå av tv-et, radioen. Det som måtte forstyrre. Me skal også gjennom dagen fokusere på sittstillinga vår, ganske enkelt berre kjenne etter korleis det er å sitte og faktisk kjenne at me sit. Me skal finne ein typisk kvardagslig ting me skal øve oss på å vere meir bevisst og tilstede i; som å pusse tennene, dusje, kamme håret, hente posten. Alle desse tinga me gjer utan at ein gjerne tenker over det. Dei skjer veldig ofte heilt automatisk medan tankane er ein heilt annan stad. Denne aktiviteten me vel skal vere den same gjennom alle dei 8 vekene og me skal gjere dette 7 gonger i veka. Dette er måtar me skal bruke til å øve oss på å bli meir bevisst og tilstede i kroppen, her og no. Me skal berre observere det som er der, det er ingen ting som skal endrast på eller gjerast annleis.

 

Timen er ferdig og oppgåvene for første veka er klar. Vil me klare å gjennomføre alle oppgåvene? Viss ikkje, kva er det som gjer det? Katarina snakkar om dette, og å forholda seg til det som er der uansett kva det er. Når ho spør om me framleis er motivert for dette så kjem det eit klar svar. Ja, det er me.

 

dharma-eating

"We love to cook with awareness and joy - and we are happy to serve you some of the best receipies from our ´Satori´ kitchen. Try it out here…or even better visit us!"

Find more recepies at:
Dharma - Eating it!

Check also out:
Dharma - Living it!

dharma-living

"This blog is written by different people connected to Dharma Mountain Meditation and Freedom Resort - to share our different experiences with meditation, self-discovery and finding our own truth."

Read more posts from:
Dharma - Living it!

Check also out:
Dharma - Eating it!

Nettside Design av Akatombo