Dharma Living It

Dharma Eating It

meg og sleipner_resize

Tilbake til meg

24. April 2013

Tilbake til meg?

Av Ann Kristin Pracheeta

Det finns ei kritisk stemma i meg; som ofte seier til meg at det eg er ikkje er god nok. At eg burde vore ein annan stad enn akkurat der eg er. Vera noko meir enn det eg er.

Eg ser korleis eg vurderer meg sjølv medan eg for eksempel er i lag med andre og tenkjer at viss eg blir litt meir som ho eller litt meir som han så blir eg nok. Og eg merkar kor eg prøver å vera noko når eg ikkje heilt veit kva eg skal vera eller eg er redd for å vera som eg eigentleg er.

Og eg ser tankar som; eg burde ha skjønt i går det eg skjønte i dag, eg burde kunna det eg skal lære før eg har lært det.

Men kva er eigentleg å vera nok?

Kor lett det er å ville ordne, fikse, endre på meg sjølv. Det skjer så fort dette, denne vurderinga, denne merkinga av meg sjølv. Der eg putter meg sjølv inn i ein bås.

Mindfulness hjelper meg med å sjå det eg trur eg er, og med ta meg tilbake til det eg eigentleg er. Ikkje til den som eg prøver å vera.

 

Meg liten sminke_resize

Tilbake til meg

Kor redd eg er
For å ikkje vera nok
For å vere for mykje
For å visa igjen
For å forsvinna i mengda.

Kor redd eg er
For at dagen skal byrja
For at dagen skal slutta
For å mista kjærleiken
For å finna kjærleiken

Kor redd eg er
For å vera sterk
For å vera svak

Kor redd eg er
For å stoppa
For å fortsetta

Og mest av alt for at eg
Skal tykkja at det
Eg finn
ikkje er nok.

dharma-eating

"We love to cook with awareness and joy - and we are happy to serve you some of the best receipies from our ´Satori´ kitchen. Try it out here…or even better visit us!"

Find more recepies at:
Dharma - Eating it!

Check also out:
Dharma - Living it!

dharma-living

"This blog is written by different people connected to Dharma Mountain Meditation and Freedom Resort - to share our different experiences with meditation, self-discovery and finding our own truth."

Read more posts from:
Dharma - Living it!

Check also out:
Dharma - Eating it!

Nettside Design av Akatombo